Ofte stilte spørsmål om SkatteFUNN
Lurer du på noko om det å søkje om skattefrådrag via SkatteFUNN? Sjå om du finn svar på det her, eller ta kontakt med oss.
Gå direkte til
- Generelle spørsmål om å søkje
- Bruk av Min side/Mi side
- Klage
- Samarbeidsprosjekt
- Spørsmål om økonomiske forhold
- Rapportering
- Endringar
- Skattemeldinga
Generelle spørsmål om å søkje
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Korleis kan eg opprette ein SkatteFUNN-søknad?
Du opprettar ein ny søknad frå utlysinga, ikkje frå Mi side.
Er det ein søknadsfrist?
Vi tilrår å sende inn søknad så tidleg som mogleg på kalenderåret. Garantifristen er 1. september kvart år. Alle søknader sendt inn seinast kl. 23.59 den 1. september er garantert behandling innan utgangen av året. Søknader som kjem inn etter garantifristen, er ikkje garantert behandling innan nyttår. Dei bedriftene som søkjer etter garantifristen kan dermed miste høvet til å føre frådrag for kostnadar i søknadsåret.
Kan eg søkje om godkjenning for fleire år av gongen?
Ja, du kan søke SkatteFUNN-støtte for prosjekt med fleire års varigheit. Godkjenning blir normalt gitt for inntil tre år om gongen. Godkjend periode står i svarbrevet frå oss.
Kan eg søkje om fleire prosjekt i same søknad?
Nei. Du skal berre beskrive eitt prosjekt per søknad. Eit SkatteFUNN-prosjekt må vere avgrensa og målretta. Dersom du beskriv fleire ulike prosjekt i éin søknad, er det fare for at prosjektet blir vurdert til ikkje å vere avgrensa og målretta (video).
Kan bedrifta ha fleire SkatteFUNN-prosjekt samtidig?
Ja. Ei bedrift kan ha fleire SkatteFUNN-prosjekt samtidig, og de kan søkje om fleire SkatteFUNN-prosjekt i same år. Dere må sende inn en søknad per prosjekt. Dei øvre rammene for skattefrådrag gjeld likevel per bedrift per år. Se meir informasjon under samarbeidsprosjekt.
Dersom bedrifta er under etablering: Kan ein søkje i eit anna namn no og seinere overføre søknaden?
Nei. Det må vere ei etablert bedrift og det må liggje føre eit organisasjonsnummer før SkatteFUNN-søknad kan opprettast og blir send inn. Det er ikkje mogleg å flytte ein søknad eller eit godkjent prosjekt frå éi bedrift/eit org.nr. til ein annan. Sjå meir info under endringar.
Er det mogleg å søkje om SkatteFUNN dersom bedrifta er NUF-registrert?
Ja, så lenge bedrifta er skattepliktig til Noreg. (Dersom du som lesar lurer: NUF står for Norskregistrert utenlandsk føretak. Utanlandske føretak som skal drive næringsverksemd i Noreg må registrere seg i Foretaksregisteret som "NUF".)
Kan SkatteFUNN kombinerast med andre støtteordningar?
Ja, det er mogleg kombinere støtte til eit prosjekt frå ulike ordningar. I samsvar med statsstøtteregelverket vil det likevel vere nokre avgrensingar på kor stor del offentleg tilskot eit prosjekt kan få. Statsstøttereglane (ESA) gir rammar for kor mykje offentlege tilskot som blir tillatne i finansieringa av eit forskings- og utviklingsprosjekt. Ver merksam på at det har noko å seie kva rekkjefølgje du søkjer SkatteFUNN i kombinasjon med andre støtteordningar.
Vi støtter forskings- eller utviklingsprosjekt (FoU) Kva meiner ein med det?
Prosjektet må vere målretta og avgrensa (video). Det må vere mogleg å skilje prosjektet frå den normale verksemda til bedrifta og drift. Målet dykkar må vere å skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter (video) eller å nytte eksisterande kunnskap eller ferdigheiter på nye måtar eller område, i samband med utvikling av nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar (video), og dette må vere til nytte for bedrifta.
Min side/Mi side og søknadsskjemaet
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
PDF/utskrift: Korleis kan eg skrive ut søknads- og prosjektdokument frå Mi side?
Løysing for å skrive ut SkatteFUNN-søknad, -vedtak, -egenerklæring, -klage og -sluttrapport skal komme på plass i løpet av sommeren 2025. Før dette må du bruke skriv ut-funksjonen i nettlesaren. Alternativt kan de leggje til personar som skal sjå prosjektet som rollen «prosjektdeltakar» i søknaden og/eller i det godkjende prosjektet.
Moglegheit for å skrive ut statusrapport vil komme på plass på et seinare tidspunkt.
Korleis får eg tilgang til ein søknad i det nye søknadssystemet, inne på Min side/Mi side?
For å få tilgang til ein søknad må du fyrst vere lagt inn med ei rolle i søknaden. Du må bruke same telefonnummer og e-post som blei brukt i søknaden, når du logger inn på mi side.
Dersom det er brukt ulik e-postadresse eller telefonnummer, kan dette korrigerast på to måter:
- anten korrigere kontaktinformasjonen på sjølve rolla i søknaden
- eller korrigere di innlogginsinformasjon under Mi profil på Mi side.
Les meir i Veiledning om oppgaver på Min side for SkatteFUNN.pdf.
Korleis kan eg stadfeste ei rolle eg er tildelt i ein søknad på Mi side?
For å stadfeste ei rolle, må du logge deg inn på Mi side med same e-post og telefonnummer som det som er lagt inn på deg i søknaden. Da skal du få fram søknaden på Mi side og rolle-invitasjonen skal være synleg øvst på den første sida du kjem til etter innlogging.
Dersom du ikkje ser søknaden på Mi side, ser du heller ikkje rolle-invitasjonen. Dette er sannsynlegvis fordi det er lagt inn ei anna e-postadresse eller telefonnummer på deg i rolla enn det du har registrert som innloggingsinformasjon for brukarkontoen din. Snakk med organisasjonsrepresentanten eller prosjektleiaren di for å få dei til å endre informasjonen.
Les meir i Veiledning om oppgaver på Min side for SkatteFUNN.pdf og rollene i SkatteFUNN-søknader og -prosjekter.
Eg treng å få endra kontaktinformasjon eller roller i ein innsend søknad, korleis gjer eg det?
Det er berre personen som er lagd inn som organisasjonsrepresentant eller prosjektleiar i søknaden som kan endre roller i ei innsend søknad eller eit godkjent prosjekt. Slik går du fram
- Gå til Mi side
- Velg rett søknad
- Gå inn på Roller og tilgangar som ligg på flisene nedst på sida
- Her kan du endre rollene i prosjektet
Les meir i Veiledning om oppgaver på Min side for SkatteFUNN.pdf og rollene i SkatteFUNN-søknader og -prosjekter.
Eg hadde rolla «opprettar» på ein søknad som no er godkjend, men har ikkje tilgang til prosjektet, kvifor?
Når en søknad blir godkjent, opprettar vi et prosjekt for dere i systemet vårt. Opprettar av søknaden er en rolle som tilhører søknaden, ikkje prosjektet. Dersom dere ønsker at opprettar av søknaden skal ha en rolle videre i det godkjente prosjektet, må dere legge vedkommende inn med en annen rolle. Du kan lese om rollene her: Roller i SkatteFUNN-søknader og godkjente SkatteFUNN-prosjekter.
Kva betyr dei ulike rollane som er tilgjengelege i søknad til SkatteFUNN i dag? Kva rettar ligg til dei ulike rollene?
Les meir om dette her: Roller i SkatteFUNN-søknader og godkjente SkatteFUNN-prosjekter
Prosjektet mitt er flytta til ny løysing, kva gjer eg?
Alle SkatteFUNN-prosjekta som før låg på Forskingsrådets gamle søknadssystem, Mitt nettsted, vart flytta til den nye løysinga vår, Mi side, i mars 2025. Alle med ei rolle i desse prosjekta fekk informasjon på e-post når dette var klart. I e-posten forklarte vi kva de måtte gjere for å finne prosjektet og rapportere i ny løysing. Les heile e-posten her.
Klage
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Kan eg klage på avgrensingar og avslag?
Ja, du kan klage på avslag, avgrensingar i godkjenninga og kategorisering av prosjektet som eit utviklingsprosjekt. Les om saksbehandlinga av klager i SkatteFUNN-ordninga. Det er lurt lese godt gjennom vurderingskriteriene til ordninga før du søker.
Korleis kan vi opprette og sende inn klage på vedtaket?
Så lenge klagefristen er open, kan man klage på vedtaket. Det er berre personen som er lagt inn som organisasjonsrepresentant i søknaden som kan opprette klage på vegner av søkjarbedrifta. Organisasjonsrepresentant må og ha stadfesta rollen sin som organisasjonsrepresentant inne på Mi side. Alle roller i søknaden kan lese, redigere og sende inn klagen, etter at organisasjonsrepresentanten har oppretta den.
For å finne klageinngangen, gå inn på søknaden på Mi side og vidare til sida som heiter Vedtak. Helt nedst i vedtaket finn de klagefristen og ei lenkje til ei side om klageadgang. På denne sida kan organisasjonsrepresentanten opprette klage.
Eg ønskjer å klage på avgrensingar i godkjenninga, men får ikkje oppretta klage. Kva kan vere årsaka til det?
Dersom de ønsker å klage på avgrensingar i godkjenninga, så er det viktig at de ikkje aksepterer vilkåra for vedtaket. Opprett og send inn klage først, og vent på resultatet av klagebehandlinga.
Samarbeidsprosjekt mellom bedrifter
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Må begge bedrifter i eit samarbeidsprosjekt sende inn søknad?
Ja. Dersom to eller fleire bedrifter samarbeider om eit SkatteFUNN-prosjekt, må dei sende kvar sin søknad der dei høvesvis beskriv kvart sitt bidrag i prosjektet.
Kor mykje støtte kan kvar bedrift få ved samarbeidsprosjekt?
Ved samarbeidsprosjekt er ramma for frådraggrunnlaget 25 millionar per år samla for bedriftene. Det vil seie at ramma gjeld for samarbeidsprosjektet totalt per år.
Spørsmål om økonomiske forhold
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Høyrer bedrifta mi til kategorien små- og mellomstore bedrifter eller stor bedrift?
Bedriftsstorleiken har noko å seie for kor mykje samla offentleg støtte eit prosjekt kan få. Små bedrifter har færre enn 50 tilsette og ei årleg omsetning eller balanse som ikkje overstig 10 millionar euro. Mellomstore bedrifter har færre enn 250 tilsette og ei årleg omsetning som ikkje overstig 50 millionar euro eller balanse som ikkje overstig 43 millionar euro.
Kva storleikskategori bedrifta blir plassert i, kjem også an på eigarforhold og samband til andre bedrifter som beskrive i § 16-40-5 i forskrift til § 16-40 i skattelova av 26. mars 1999. Ei bedrift vil i SkatteFUNN-samanheng bli sett på som ei stor bedrift om ho saman med eigarbedrifta har 250 tilsette eller fleire eller om omsetninga til bedriftene totalt overstig 50 millionar euro.
Sjå også rettleiing om dette på Veiledning for SME definisjon (på engelsk).
Kan utgifter til patentsøknad inngå i søknaden?
Ja. SMB-ar kan kostnadsføre utgifter til første gongs patentering, i samsvar med SkatteFUNN-forskrifta § 16-40-6, 4. leidd:
Små og mellomstore bedrifter får fradrag for kostnader knyttet til førstegangs patentering. Fradraget gjelder alle kostnader forut for tildelingen av rettigheten i første jurisdiksjon, herunder kostnader knyttet til utarbeiding, inngivelse og oppfølgning av søknaden så vel som kostnader til å fornye søknaden før rettigheten er tildelt.
Kva er den øvre ramma for SkatteFUNN-prosjekt?
Ramma er på 25 millionar kroner per bedrift per år. Det betyr at dei søkte prosjektkostnadane per år maksimalt kan vere 25 millionar kroner. Grensa gjeld både per prosjekt per år (samla kostnader på tvers av bedrifter) og per bedrift (skatteytar) per år. Det betyr at
-
dersom éi bedrift har fleire Skattefunn-prosjekt, så gjeld også den øvre ramma for alle prosjekta samla
-
dersom to eller fleire bedrifter samarbeider om same SkatteFUNN-prosjekt og har fått SkatteFUNN-godkjenning for sin del av prosjektet, så gjeld grensa samla for alle bedriftene
Les om rammer og satsar i SkatteFUNN.
Kva meiner ein med forskings- eller utviklingsprosjekt (FoU)?
Prosjektet må vere målretta og avgrensa (video). Det må vere mogleg å skilje prosjektet frå den normale verksemda til bedrifta og drift. Målet dykkar må vere å skaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter (video) eller å nytte eksisterande kunnskap eller ferdigheiter på nye måtar eller område, i samband med utvikling av nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar (video), og dette må vere til nytte for bedrifta.
Har det noka betydning om arbeidspakkene i prosjektet klassifiseres som forsking (F) eller utvikling (U)?
Ja. Klassifisering som forsking eller utvikling kan ha økonomisk betydning dersom SkatteFUNN-støtta blir kombinert med anna offentleg støtte til prosjektet. Klassifiseringa har ikkje betydning for utrekninga av skattefrådraget. Les meir om skilnaden mellom industriell forsking og eksperimentell utvikling.
Kva er maksimal timesats for eigne tilsette i prosjektet?
Timesatsen er 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Maks timesats er 700 kroner og skal også gjelde ved innkjøpt FoU frå såkalla nærståande selskap. Les meir om rammene på informasjonssida vår om prosjektrekneskap.
Er budsjettet i søknaden bindande?
Nei, budsjettet er ikkje bindande, men vi ønskjer eit godt estimat. Det er dei faktiske kostnadene du har hatt i prosjektet som blir tekne med i frådragsgrunnlaget. Kostnaden kan vere høgare eller lågare enn det du budsjetterte med i søknaden, men kostnadene må vere knytt til det godkjende prosjektet slik det er formulert i søknaden.
Må eg ha revisor til å attestere SkatteFUNN-rekneskapen min når selskapet er halde unna revisorplikt?
Ja. Alle som krev skattefrådrag i SkatteFUNN-ordninga må ha revisorattestasjon på kravet som blir meldt inn gjennom skattemeldinga. Det vil seie at revisor attesterer kostnadene og stadfestar opplysningane om offentleg støtte. Dette gjeld uavhengig av om skattytar er revisjonspliktig eller ikkje. Tal som skal inn i år- eller sluttrapport til Forskingsrådet innan 27. mars, treng ikkje revisorgodkjenning.
Vi hadde kostnader på prosjektet før vi fekk godkjent søknaden. Kan vi føre opp desse?
Ja, dersom de hadde kostnadene same kalenderår som de fekk godkjenning for, så kan de det, men ikkje om dei er fra året før.
De må ha ført prosjektregnskap for alle kostnader som skal inkluderast i skattekravet, og at de må ha ført timelister for alle arbeidstimar som skal inngå i prosjektregnskapet. Timelistene må i tillegg signerast minst kvart kvartal for å kunne inngå i kostnadsgrunnlaget.
Les meir om krav til prosjektregnskap og timelister for SkatteFUNN-prosjekter her: Prosjektregnskap for SkatteFUNN-prosjekt.
Vi har kostnader på prosjektet som kjem etter prosjektslutt. Kan vi føre opp desse?
Ja, dersom kostnadene kjem innanfor same kalenderår som dei fekk godkjenning for, så kan dei det.
Kan eg få godkjent kostnader som samla seg opp i fjor?
Nei. SkatteFUNN-godkjenning gjeld per kalenderår. Det er ikkje mogleg å få skattefrådrag for kostnader komme i året før de søkjer.
Korleis blir frådraget berekna i ei bedrift der eigarane berre delvis, eller ikkje i det heile, tek ut lønn?
De kan berre inkludere faktisk utbetalt lønn – faktiske kostnader. Ulønt arbeidsinnsats kan ikkje inkluderast.
Personalkostnader skal bereknast ut frå talet på timar FoU-personell utfører på prosjektet med ein timesats på inntil 1,2 promille av avtalt og reell årslønn. Dette gjeld alle skattepliktige verksemder, også enkeltpersonføretak. Sjå elles Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader – SkatteFUNN.
Må tala til års- og sluttrapportar til Forskingsrådet vere revisorattestert?
Nei. Legg inn så gode tal som mogleg frå prosjektrekneskapen på rapporteringstidspunktet.
Kan eg føre opp utgifter til rekneskapsførar og revisor eller til søknadsskriving?
Nei. Kostnader som bedrifta har i samband med søknad om godkjenning av prosjektet og revisorstadfesting i vedlegg til skattemeldinga, kan ikkje inngå i frådraggrunnlaget.
Kan eg få frådrag i skatt på renter på lån eg tek opp som er knytte til prosjektet?
Ja, men lånekostnader for å finansiere lønn inngår ikke. Sjå Skatteetatens Skatte-ABC for Forskings- og utviklingskostnader - SkatteFUNN - Finansieringskostnader/gjeldsrenter for detaljar.
Kvar kan eg finne ut meir om kostnadsføring?
Sjå Skatteetatens Skatte-ABC eller kontakt det lokale skattekontoret ditt.
Rapportering
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Vi har ein godkjent søknad men finn ikkje rapporten inne på sidan for søknaden. Kva kan vere årsaka til det?
Etter vi godkjente søknaden dykkar, oppretta vi eit prosjekt med eit prosjektnummer i systemet vårt. All vidare kommunikasjon og rapportering vil gå føre seg i prosjektet, ikkje i søknaden. Rapporten skal liggje på sida for prosjektet på Min side, ikkje på sida for søknaden.
Les meir om rapportering her: Godkjenning.
Endringar
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Er framdriftsplanen bindande?
Det er mogleg å flytte dei godkjende aktivitetane og delmåla på tvers av år, innanfor godkjenningsperioden. Dersom du treng meir tid til utover godkjenningsperioden, må du sende ny SkatteFUNN-søknad der dei gjenståande aktivitetane er beskrivne. Sjå elles spørsmålet om forlenging over.
Kan eg få skattefrådrag for aktivitetar som ikkje er beskrive i søknaden?
Nei. Det er berre mogleg å få frådrag for aktivitetar du har søkt om og fått ei godkjenning for.
Skattemeldinga
Gå direkte til: Om å søkje, Om Mi side, Klage, Samarbeidsprosjekt, Økonomi, Rapportering, Endringar, Skattemeldinga, til toppen
Kva skal vi fylle inn i feltet «Arbeidspakke-ID» i skattemeldinga?
Her skal de nummerere arbeidspakkane /delmåla med siffer 1, 2, 3, osb. Det gamle søknadsskjemaet hadde ingen nummerering av delmåla, men det har søknadsskjemaet i den nye løysinga vår, «Mi side». Gi dei godkjente delmåla/arbeidspakkane dykkar nummer frå den kronologiske rekkjefølgja av arbeidspakkane. Skatteetaten kan skilje arbeidspakkane frå kvarandre på tittel, men de må no i tillegg skrive inn nummeret.
Dersom de har spørsmål om skattemeldinga, så må de vende dykk til Skatteetaten: Fradrag for forskning og utvikling – SkatteFUNN - Skatteetaten.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. juni 2025, kl. 03.23 CEST